Sesongslutt
Lørdag 19. august vart
det avvikla krinsmesterskap i Sandvolleyball. Dette var også siste turnering i
krinsserien i sandvolleyball, Sparebanken Sogn og Fjordane Open. Herreklassen
talde 5 lag og var prega av eliteseriespelarane frå Førde. Nils Numme, som stod
over NM denne helga, tok heim tittelen saman med Arild Undheim. I finalen slo
dei Oddbjørn By og Thomas Haug 2-0. Det var likevel dei sistnemnde som tok heim
samanlagtsigeren i ssfopen.
For jenter U17 beviste Brita Kirkeeide og Linn Bakke at dei er det beste sandvolleyballparet i fylket. Dei vann krinsmesterskapet og samtidig si tredje turnering i ssfopen. Dermed vart dei også samanlagtvinnarar for sesongen. Dei to jentene kjem frå Jølster, men spelar innandørs for Førde. I finalen slo dei klubbveninnnene Mari Paulsen og Synne Berge frå Førde.
For gutar U17 var
samanlagtsigeren i ssfopen klar allereie før den siste turneringa. Førdegutane
Bendik Huus og Leonard Hornnes har vist stor stabilitet gjennom sesongen, og
hadde eit forsprang på hundre poeng ned til neste lag. Dei to er samtidig blant
dei yngste spelarane, og vann også samanlagt i klassen for gutar U15.
Krinsmesterskapet gjekk til NM-finalistane Lage Jarning og Sondre Valaker. I
finalen vann dei over Fossen/Kvamme som også kom frå NM-spel i denne
årsklassen
Resultat frå KM
Herrar
- Numme/Undheim (Førde)
- Haug/By (Førde)
- Kvammen/Haug (Førde)
- Tvinde/Nilsen (Førde)
- Myrmel/Storøy (Førde/Naustdal)
Gutar U17
1. Valaker/Jarning (Førde)
2. Fossen/Kvamme (Førde)
3. Tundal/Holsæter (Førde)
4. Hornnes/Welle (Førde)
5. Aalen/Braastad (Askvoll)
Carlsen/Søreide (Stongfjorden)
Eikaas/Holsen (Førde)
Jenter U17
- Bakke/Kirkeeide (Jølster)
- Paulsen/Berge (Førde)
- Standal/Farsund (Naustdal/Førde)
- Nes/Nes (Viksdalen)
- Hundvebakke/Haveland (Jølster)
- Vallestad/Gjermundstad (Viksdalen)
- Fosse/Berge (Førde)
- Nilsen/Kvammen (Jølster)
Samanlagtvinnarar 2006
Sparebanken Sogn og Fjordane Open 2006
Jenter U15:
Nora Karoline Berge / Elisabeth Fosse
Gutar U15:
Bendik Huus / Leonard Hornnes
Jenter U17:
Linn Nesje Bakke / Brita Kirkeeide
Gutar U17:
Bendik Huus / Leonard Hornnes
Herrar:
Oddbjørn By / Thomas Haug
Damer:
Randi Marie Hukset / Mari Cecilie Haug
Volleyballskule søndag
Sidan alle kampane blir avvikla lørdag, blir søndagen sett av til ein volleyballskule med Nils Numme. Dette er eit gratistilbod for alle som har delteke i ei eller fleire av turneringane i år. Dersom det vert stor deltaking vil vi måtte sette eit tak. Då vil dei første som melder seg på få vere med. Påmelding kan gjerast i sekretæriatet under km på laurdagen.
Treningsøkta startar kl 10:00 på banene ved Hafstad vgs og varer fram til ca kl 13:00.
Herreklassen startar kl 10
I skrivande stund fredag kveld er det påmeldt 4 herrelag. Det er nok til turnering, men det ryktast at det er nokre fleire lag som vil melde seg på i kveld. Dermed blir det ikkje lag noko oppsett, men alle laga møter opp på bana ved barneskulen før kl 10, og så startar kampane straks.
Oppsett for KM
Påmeldingsfristen er ute og oppsettet er stort sett klart. Klassane for U15 og U17 er slått saman. Det deltek 8 lag i kvar av desse klassane. Merk at alle kampane vert spelte på lørdag. Første kamp startar kl 10. Guteklassen og jenteklassen går på kvar si bane ved Hafstad vgs. Dameklassen og jenter U20 går ut. Gutar U20 og herrar er slege saman og vert spelt på bana ved Førde barneskule. Også her startar første kamp kl 10, men det er framleis nokre ledige plassar her så oppsettet er ikkje heilt ferdig.
Tidsplan for lørdagen med ranking.
Grafisk oppsett for gutar U17.
Grafisk oppsett for jenter U17.
Volleyballskule med Nils Numme
Nils Numme er ein av Norges beste volleyballspelarar. Han er sentral på landslaget innandørs, og har også stor erfaring frå sandvolleyball. Sist vinter spela han sandvolley i Brasil saman med nokon av verdens beste utøvarar av sporten. Under KM i Førde vil han saman med Stig Myrmel frå Førde sitt elitelag halde ein liten sandvoleyballskule for deltakarane i aldersbestemte klassar. Dette vil vere gratis for alle deltakarane, og bli lagt inn i tidsskjemaet for helga. Dette er ein unik sjanse for unge talent i krinsen til å lære av dei beste.
Avsluttande ranking
Turneringa i Førde er som kjent den siste turneringa i Sparebanken Sogn og Fjordane Open 2006. Det vert premiering av dei beste laga gjennom sesongen. Rankingpoeng blir samla individuelt, og det er dette som er grunnlag for seeding av lag. Som i jenter U17 kan det då vere ein enkelt person som toppar totalrankinga. Det vil likevel vere det laget som har samla mest poeng som vinn lagkonkurransen. Dersom to lag har lik poengsum vil ein først sjå på dei beste plasseringane. Då vil ein førsteplass gå foran to femteplassar. Dersom plasseringane er like vil poengsumane frå turneringane med flest deltakande lag telje mest. Det vil altså bety vere betre å vinne ei turnering med 10 lag enn ei turnering med fem lag. Dersom også dette skulle vere likt vil poeng samla sist telje mest.
Oppdatert totalranking med lagpoeng.
Førde 19.-20.august
Den siste turneringa for året går i Førde 19. og 20. august. Denne turneringa har også status som krinsmesterskap. Vi ventar god deltaking på denne turneringa, så alle deltakarane må halde seg til påmeldingsfristen som er onsdag 16. august kl 21:00. Då vil oppsette bli laga. Dei som melder seg på seinare enn dette kan ikkje rekne med å få delta.
Klassane for senior, U20 og U15 vil gå på lørdag. Truleg blir U20 slått saman med senior. Klassane for U17 går på søndag.
Avlysing i Hornindal
På grunn av lav påmelding i alle klassar vart turneringa i Hornindal avlyst.
Hornindal 12-13. august
Komande helg vert det turnering i Hornindal. Dette er ein av dei mest tradisjonsrike volleyballmiljøai krinsen, og vi ser fram til sterk lokal deltaking her. Det er no svært jamt på totalrankinga, særleg i U17, så vi håpar at også Sunnfjordlaga vil nytte høvet til å besøke nordfjordbygda. Som vanleg kan vi nok rekne med sol, sommar og flott volleyball.
Tvinde/Holsæter vann i Naustdal
I turneringa i
Naustdal søndag vann Lars Fredrik Tvinde og Ruben Holsæter finalen mot Bendik
Huus og Leonard Hornnes. Det var ei svært jamn turnering med mykje god
volleyball frå alle lag. På bildet er vinnarane i angrep mot Fossen/Kvamme. Det
vart også ei spanande mixturnering. Helge Erdal og Inger Johanne Rognebakke
Walstad gjekk av med sigeren der.
Kampoppsett 6. august
Oppsetter for gutar U17 er no klart. Første kamp går kl 10 som tidlegare annonsert. Både damer og JU20 går ut. I staden vert det arrangert ei ad-hoc mix-turnering, etter ønske frå dagens badegjester på Naustdalsanden. Den turneringa startar kl 12.
Ny siger til Bakke/Kirkeeide
Bakke og Kirkeeide
frå Jølster blei dei første som klarte å vinne to turneringar i
Sparebanken Sogn og Fjordane Open. Dei fekk hard matching og tapte ein tidleg
kamp mot Farsund/Paulsen frå Førde. Dei måtte derfor gå gjennom den tyngre
vegen i eliminasjonsrundene. I finalen møtte dei førdejentene til revansj og
vann ein solid 2-0 siger. Bildet viser dei blide vinnarane til høgre, og dei
nesten like blide motstandarane. På herresida vart det siger til dei regjerande
juniornorgesmestrane Ruben Inderøy og Vegard Holsen. Dei vann finalen
overbevisande mot Jon Jarning og Rodmund I Lida. Begge laga kjem frå Førde.
Kampoppsett 5. august
Klassane for gutar U15 og gutar U20 går ut. Lørdag blir det turnering for herrar og jenter U17. Jentene startar kl 10, og herrane startar kl 13. Begge klassane vert avslutta ca samtidig, kl 17.
Tidsplan og oppsett for lørdagen.
Grafisk oppsett for jenter U17.
Naustdal 5.-6. august
Etter ei turneringspause i fellesferien er det no klart for ny turnering i Naustdal 5. og 6. august. Påmeldingsfrist blir onsdag 2.august for alle klassar. Tambarskjelvar legg opp til ein skikkeleg sommarfest med mykje liv, musikk og tilleggsaktivitetar som vannski og tubing.
Detaljar om turneringa i Naustdal.
Resultat og ranking frå Vik
Resultata frå turneringa i Vik er no tekne med i den
siste oppdaterte rankinga. I gutar U17 har Christian Engelstad overteke toppen
av rankinga frå Huus og Hornnes som ikkje deltok i Vik. Denne klassen ser ut
til å verte svært jamn. Det same er tilfelle på jentesida. Der vart det ikkje
noko endring heilt i toppen, men det er mange lag som kjempar tett. Elles er
det gledeleg at herreklassen vart den mest talrike til no i sesongen. Vi håpar
endå fleire vil kaste seg med når dei siste turneringane går av stabelen i
August.
Turnering i Vik
Neste turnering går som kjent i Vik. På grunn av
ferieavvikling vil nyheiter om denne turneringa bli publiserte både her, i
bloggen og på Vik IL sine nettsider De
må difor følgje med på alle desse linkane for oppdateringar.
Regntung turneringsdag
Til trass for at
det regna jamt og trutt vart det spela mykje god volleyball på Svidalsøyra.
Biletet viser førdejentene Nora Karoline Berge og Elisabeth Fosse som vann
JU15. I klassen for gutar U17 vart det ein svært jamn finale der
Runar Eikenes og Torbjørn Holsen trakk det lengste strået.
Heimesiger på Jølster i JU17.
Jølsterjentene Brita Jordanger Kirkeeide og Linn Nesje Bakke
vann klassen for jenter U17.
I oppvisningsstil feia dei all motstand til side. Bilete viser Bakke i eit luftig svev.
Sjå fullstendig resultatliste under turneringar.
Klart for turnering i Jølster
Det blir jenter U17 på laurdag, og gutar U17 saman med jenter U15 på søndag.
Oppsettet ligg under turneringar. Føl også med på nyheitsbloggen.
Første turnering over.
Med strålande vær mandag kunne spelarar og arrangør kose seg over
ein nydeleg arrangementsdag.
Gutar U17 er den største klassen i turneringa, og fekk også det beste været. Biletet viser Sondre Valaker i aksjon ved nettet under finalen. Resultata frå andre pinsedag finn du under turneringar.
Flott dag for sandvolley.
Etter avlysinga lørdag vart det ei flott turnering i sanden på søndagen.
Med unntak av nokre få regnbyger var det lange gløtt av sol og eit
knirkefritt arrangement. Resultat finn du under turneringar. På bilete ser
vi brødrene Haug i nettduell. På kvart sitt lag kom dei på første og andre
plass i herreturneringa
Laurdagskampane utsett
Det var overflatevatn på banene i dag tdleg (laurdag) og vi har difor valt å utsetje til søndag og mandag. Meldingane er betre framover.
Klassen for jenter U17 vil vi avvikle på søndag. Det vil difor kome ny tidsplan for søndagen, også for dei andre klassane som skal spelast då.
Klassen for gutar U17 vil bli spelt på måndag.
Sandvolleyball
Sogn og Fjordane Volleyballkrins har inngått ein samarbeidsavtale med Sparebanken Sogn og Fjordane om ein fylkesdekkande serie for sandvolleyball.
Som serie er dette eit heilt nytt konsept. Tdlegare har det berre vore arrangert KM og nasjonale turneringar i sandvolleyball. Krinsen prøver med dette å få til eit lokalt konkurransetilbod til både juniorar og seniorar.
Det vil bli halde fleire enkeltståande turneringar rundt i fylket. Ein kan delta på ei eller fleire turneringar og ein kan skifte makker mellom dei ulike turneringane. Spelarane mottek individuelle rankingpoeng for plasseringa i kvar turnering. Dette er eit system ein kan kjenne igjen frå dei nasjonale Fanta Open turneringane som har vore arrangert tidlegare år.
Det blir spelt "vanleg" sandvolleyball i alle klassar, dvs to spelarar på kvart lag og ingen innbyttarar.
