Sparebanken Sogn og Fjordane Open

Sandvolleyball

 

 

 

 

Reglement

Turneringane blir spelt etter standardreglement standardreglement for eliteklasse frå Norges Volleyballforbund.

Ved kvar turnering blir det oppretta ein stemnejury som avgjer protestar som kjem i løpet av turneringa. Stemnejuryen si avgjerd er endeleg.

For kampoppsett blir det brukt tilsvarande bracketsystem som blir brukt i World Tour. Dette er eit cup-spel der ein først ryk ut når ein har tapt to kampar. Ei teikning av dette opprsettet ligg på forbundet sine nettsider: Grafisk fremstilling av dobbel eliminasjon, 16 lag og 12 lag. Dette systemet inneber at ein ikkje veit kven ein møter i neste kamp før resultata i dei føregåande kampane er klare. Den store fordelen er at det er berre tap eller siger som betyr noko. Ein treng ikkje halde rekneskap med poeng- og settsiffer, og slepp å lage tabellar.