Påmelding
Ein melder seg på til kvar enkelt turnering seinast 3 dagar før turneringa, med mindre anna frist er oppgitt spesifikt. Det betyr at ein skal melde seg på seinast onsdag til turnering som går på laurdag.
Påmelding gjerast på e-post til delta@ssfopen.com
Påmeldinga må innehalde fullt namn på begge spelarane og epostadresse og telefonnummer som de kan nåast på. Skriv kva klasse(ar) de vil delta i, og oppgi fødselsår. Skriv også kva klubb de eventuelt representerer eller kvar de kjem frå.
Ei god påmelding ser slik ut:
Vi vil melde på eit lag til turneringa i Vik, Gutar U17 Per Pettersen, per@ hotmail.com, 1991, Førde, 9123456 Ole Olsen, ole@ yahoo.com,1991,Førde, 99654321
Alle som melder seg på skal motta ei melding om at påmneldinga er registrert. Først når medlinga er motteken er påmeldinga gyldig.
Deltakaravgifta skal betalast til arrangør på kvar turnering. Lisens skal registrerast av klubbane på same måte som innandørs-lisensen.
Kampoppsett blir lagt ut på desse sidene i eit par dagar før kvar turnering. Laga har sjølve ansvar for å orientere seg om dette.
